Gnr. 105 Hogstad

Foto fra Søre Hogstad. Datering: omkring 1916

Hogstad er den sørlegaste garden i bygda. Han ligg oppe på bakkane og i sørhallet opp frå Hogstadvatnet eller Lutsivatnet. Gardshusa ligg 105 meter over havet.
Hogstad breier seg ut tvers over heile dalføret, frå tjella i vest til Storabergjet i aust, mens dei mindre gardane nord for Hogstad alle ligg to i breidden.

Dette store gardsområdet blir kløyvt i to av ein bekk som kjem oppanfrå utmarka på Heiå oppe i nordvest, renn på skrå over garden og svinger så mot sør ned til Lutsivatnet. Gardshusa låg tidlegare samla i eit tun sør for denne bekken, og i eit tun nord for han. Dei to delane av garden blei då kalt Søra og Nora Hogstad. Desse to delane høyrde til kvart sitt kyrkjesokn og seinare kvar sin kommune, derfor var dei lenge to matrikkelgardar, men i 1912 blei dei slått saman til eitt.

Søra Hogstad si utmark strekker seg opp på fjella i vest og sørover mot Lutsi, mens utmarka til Nora Hogstad går opp mot Storabergjet i aust. Hogstad grenser i nord til riskagardane Skjørestad, Haualand og Merland, i vest til Fjogstad, i sør til Lutsi og Forenes – alle tre i Høyland, og i aust til Fløysvik og Litle Auglend i Høle.

Kilde tekst og foto: Eivind Smith’s Riska Gardar og Tettstad