Gnr. 110 Li

Li ligg heilt i den vestre kanten av bygda, på overgangen til Gandsfjorden. Det gamle gardstunet ligg på ein flate eller hylle, høgt og fritt over sjøen, heile 80 meter over havet. Bak har me det store Lifjellet som dominerer heile gardsområdet. Framføre det dyrka området går terrenget nokså bratt ned mot sjøen, det er fyrst i dei siste to-tre generasjonane at det er blitt rydda småbruk og småstykke nede i desse bakkane.

Framfor Lifjellet i vest stikk det eit langt nes ut i sjøen, det skiller Riskafjorden frå Gandsfjorden. Dette neset er fylt av fjell og er som ein fortsettelse av Lifjellet. Men innerst er det eit djupt søkk i terrenget, der kan ein sjå over til Gandsfjorden. Lihalsen heiter det her. På gandsfjordsida av Lihalsen ligg Sandvigjå, på riskasida Grytvigjå. I Grytvigjå er det eit gardsbruk som i si tid var husmannsplass under garden på Li.

Li grenser i aust til Riska og i sør til Dale. På dei andre kantane er det sjø.

Kilde: Eivind Smit’s Riska – Gardar og Tettstad