Gnr. 98 Eltervåg

Gamlehuset på Eltervåg. Datering: Usikker

Eltarvåg ligg innforbi Lauvås og er den siste garden i Riska-bygda. Øverst i bakkane opp frå Søravatnet ligg det gamle gardstunet, 75 meter over havet. Det dyrka området her ligg fint vendt mot sør. Utmarka strekker seg mot nord og aust, mot Høgsfjorden og Høle. Her er det mykje drivverdig skog, både eik og fora.
Langs sjøen er det fleire småbruk – Stølsvigjå, Galtavigja, Vier, Naustervigjå, Sletten -dei var i eldre tid husmannsplasser under Eltervåg-garden.
Eltarvåg skiftar i vest med Lauvås, i sør Hetland og i aust Bersagel i Høle.
Det har bodd folk på Eltervåg helt tilbake til 1500 tallet.

Kilde tekst og bilde: Eivind Smith’s bok Riska Gard og Tettstad