Gunleiv Hogstad – Gummiball produksjon på Hetland

Gummiball produksjon som småindustri 1960-1972

 

Form til ballproduksjon.
Foto: Enok Lauvås

Fabrikken

På garden Hetland i Riska, gnr. 36, oppretta i si tid Ola Hetland ein treskofabrikk. Gudrun Hogstad f. 1922 var dotter til Ola Hetland) Ho gifte seg i 1945 med Gunnleiv Hogstad f.1921. Han arbeidde først på Erling Hetland sin møbelfabrikk, men begynte så på Ola Hetland sin treskofabrikk.

Denne fabrikken brann i 1948. Då bygde Gunleiv Hogstad eit bustadhus med plass til ny verkstad for svigerfaren sin treskoproduksjon i kjellaren. Dette huset var ferdig i 1950. Gudrun arbeidde i Forsyningsnemnda under krigen, og begynte så i freskofabrikken hos faren. Fabrikken selde mykje tresko gjennom agent Bøg i Stavanger.

Treskoproduksjonen

Dei hadde ein kopieringsmaskin – ein fres – som skar treskoen etter modell. Deretter ein eigen maskin for utholing av skoen. Så måtte skoen tørkast og til sist pussast. Utover i 1950-åra avtok salet av tresko drastisk. Dei begynte då å laga små miniatyr-tresko som suvenirar. Det varte til omlag 1960.

Gummiballproduksjon

Gunleiv Hogstad kjøpte former og utstyr frå to ulike produsentar i Sandnes. Først frå Betuel Raugstad. Han hadde verkstaden i den gamle handelskulen i Postvegen, Sandnes. Dette var “Gann Gummi” (GG). Ballane blei umoderne fordi dei mangla fotball i utvalet. Den andre produsenten var Jonas Hauge på Stangeland. Han var søskenbarn til Gudrun Hogstad. Bror hans, Andreas lever fortsatt. Han var med på å laga den første gummiballen like etter krigen. Jonas hadde mange mann i arbeid og lagte tusenvis av ballar kvart år. Men frå 1958 kom det ballar frå Austblokklanda på marknaden til dumpingprisar, ifølge agenten. Då fall marknaden for ballane frå Sandnes. Gunleiv H kjøpte utstyret til gummiballproduksjon av Jonas H i 1960. Jonas kom til Hommersåk og viste dei korleis ballane skulle lagast. Jonas og Gunleiv eksperimenterte med å laga garnblåser, men det blei aldri nokon produksjon av det. Produksjonen var aldri heiltidsbeskjeftigelse for Gunnleiv Hogstad. Han kjørte mjølkebilen frå Riska til Stavanger. Tidlegare var han maskinist på Rislcafiord. Dei lagte gummiballar til ca. 1972.

Kjell Hogstad demonstrerer hvordan formene fungerer.
Foto: Enok Lauvås

 

Vulkaniseringsovnen.
Foto: Enok Lauvås

 

 

Produksjonsgangen

Råstoffet fekk dei i flak på rull frå Stavanger Gummiindustri.

1. Skjæra ut to like deler etter mal. Skråkant på delen.

2. Lima saman delane. Flytande lim som blei påført med kost – Dette arbeidet gjorde Gudrun.

3. Legga ballen i form – blei gjort av Gunleiv.

4. Setta i formene.

5. Blåsa luft i ballane med pressluftutstyret.

6. Setta formene i vulkaniseringsomnen. Ukjent temperatur og tid.

7. Avkjøling.

8. pussa kvar enkelt ball – dette var arbeid for Kjell. Han fekk 5 øre stk for nokre, 10 øre for andre.

9. Ballane lagt på lager, i påvente av salg.

 

Skrevet av Gunleiv Hogstad, Hommersåk