Gnr. 109 Riska

Riska-garden ligg sentralt til i bygda på ein slak skråning opp frå sjøen. Terrenget er mykje brattare i vest ute på Li, og meir fylt av berg i aust inne på Hommersåk. Det gamle gardstunet på Riska ligg bare 15-20 meter over havet, med dyrka flater framføre seg ned mot sjøen. Bak tunet stig terrenget meir i bakkar og vollar opp mot utmarka oppe på Heiå i sør. På overgangen mot Hommersåk er landskapet fylt av berg, utmarksområdet Bergjå. Mellom dei to utmarksområda Bergjå og Heiå ligg Eskjemyrå, der det frå gammalt var gangveg opp til Frøyland.
Riska grenser i vest mot Li, i sør mot Jødestad, og i aust mot Frøyland og Hommarsåk. Det var Stabsto i Tjødnamyrå der Riska, Frøyland og Hommersåk møtest.

Kilde: Eivind Smith’s Riska-Gardar og Tettstad