Gnr. 101 Hommersåk

Foto av Hommersåk gården. Datering: usikker.

Midt i bygda, på begge sidene av Vågjen, ligg det som var den gamle Hommersåk-garden. Det gamle gardstunet ligg eit stykke opp av Vågjen, oppe på bakken oppføre Krossen, 20 meter over havet. Innmarka strekker seg eit stykke sørover, til begynnelsen av Frøylandsbakken, og også austover frå tunet opp til dei tidlegare udyrka områda oppe på Heiå, der garden grenser mot Hetland. Utmarka ligg aust for Vågjen, på berget nord for tunet, og strekker seg inn mot Hetlandsvatnet.
Nede med sjøen ligg dei tidlegare husmannsplassene Vågjen og Breivigjå, med Ullsnes i mellom.
Hommarsåk skiftar i vest med Riska, i sør Frøyland, i aust Hetland og i nord Lauvås.

Kilde: Eivind Smith’s Riska – Gardar og Tettstad